lørdag 8. november 2014

På avstand...

På avstand er jorda blå og grøn
Med snø som ei dundyne
På avstand der møter himmel hav
Og fuglane kvitrar vagt


På avstand så er me likemenn
Og ingen grenser merkt
Ikkje våpen, ei sult
Ei heller krig
Og ingen barn som lir

På avstand er verda stille
Så ein kan høyre at det nynnast på
Ein song om håp
Ein song om fred
Ein song for deg og meg

Og det er bøn om bøn
Og det er håp om håp
Og det er ropet me ventar på

Ser du himmelen
Ser du stjernene
Dei er klarare på avstand
Kjenner du angane
Høyrer du fuglane
Det er vakrare på avstand...

-Ingebjørg Bratland-

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar